Fjord-O 2026
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 5. Mar 2026

Sogndal IL inviterar til Fjord-O 1.-5. juli 2026. 4 dagers arrangement, med sprint løp i Sogndal sentrum og skogsløp i flott terreng ved Hodlekve. Merk at første påmeldingsfrist er 15. mars, så veit du alt no at du vil delta, så er det EarlyBird påmelding fram til 15. mars. Det er ingen ting å vente med, dette blir nokre strålande dagar!
Krinsen jobbar med ei ungdomssamling for alderen 13-20. Følg oss slik at de får siste nytt.
Krinsting 1. mars
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 27. Feb 2026

Noko forsinka innlegg om krinstinget på SFOK si heimeside. Innkalling og alle sakspapir er sendt ut til leiarane til klubbane i krinsen, med ynskje om at dei la ut/videresende dette til medlemane.
Kl 10.00 - 12.30 Vi startar søndagen med ein demo av tidtakingsprogrammet O-Total. Tore Henriksen vil guide oss gjennom og svare på spørsmål via Teams. Etter demoen vil vi ha ein laus prat om året som har gått og planar for 2026.
Lunsj frå kl 12.30 - 13.00
13.00 - Krinsting.
KM-Natt og KM-Langdistanse
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 29. Sep 2025
![]() | ![]() |
Førde IL-Orientering og Tambarskjelvar IL inviterar til KM natt fredag 3. oktober og KM lang laurdag 4. oktober.
Link til meir info og påmelding til KM natt og KM lang.
Påmeldinga er åpna, så det er ikkje noko grunn til å vente med å melde seg på. Det gjer det litt lettare for arrangørane til tidlegare de melder dykk på.
Her er resultata frå KM Natt og frå KM Lang
Hovedløpet og O-landsleir 2025
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 14. Aug 2025
Årets Hovedløp og O-landsleir gjekk av stabelen i Sandefjord og 9 deltakarar og 2 leiarar frå Markane og Førde hadde 7 flotte dagar på tur. Førde gjengen reiste nedover torsdag med minibuss og Anne Therese Kusslid som stødig sjåfør og leiar. Gjengen frå Markane hadde vore på Norway-Cup, og fekk noko kortare reiseveg til Sandefjord. Fredagen var det treningsdag og bli kjent med andre deltakarar. Laurdag var det på med løpsutstyr og stille til start opp langdistansen, og søndag sto sprinten for tur. Måndag og tysdag var det aktivitetsdagar med mykje moro, før den berømte krets-stafetten avslutta det heile på onsdag. Ungdomen har kosa seg mykje på turen, og det har vist jammen leiarane og.
Eine tilbakemeldinga var slik: For ein utruleg fin gjeng. Rett og slett ei vitamininnsprøyting å få være med.
Det blei til og med 2. plass for beste kostyme på kretsstafetten, der jentene frå Førde hadde kledd seg ut som gamle damer.
Så oppfordringa til alle klubbane i krinsen er å jobbe med ungdomen fram mot neste års HL/OLL, slik at vi får ein like stor og kanskje endå større gjeng med. Dei vil nok ikkje angre på at dei reiser, berre spør dei som var i år!!!
Dei som har delteke er: Ann Kristin Kusslid, Elisabeth Kusslid, Erlend Husevåg-Lobben, Gaute Osvoll, Kaja Osvoll, Sjur Skilbrei og Ella Ryste Haugsbø. Alle desse frå Førde. Frå Markane var Olina Svarstad Heggdal og Brita Svarstad Heggdal. Leiarar var Anne Therese Kusslid og Anne Marie Svarstad.
Du kan se filmen her: Film om HL


