Deltakarpremiar for 2017
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 22. Nov 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
8 vinnare av gåvekort etter årets sesong i krinsen.
233 ulike personar var med på eitt eller fleire av dei 9 krinsløpa i Sogn og Fjordane i 2017.
Vinnarane av gåvekort vart trekte på lagleiarmøtet i Sogndal 11. november.
Ove Oklevik leia trekkinga og utdelinga av premiane.
Følgjande fekk gåvekort:
kroner |
Tal løp (av 9 moglege) |
Vinnar |
Klubb |
1.500 |
7 |
Anja Hole |
Førde |
1.000 |
7 |
Gunnar Gytri |
Førde |
500 |
6 |
Tord Sølvberg |
Veten |
200 |
6 |
Harald Hjellbrekke |
Førde |
200 |
6 |
Trygve Nummedal Os |
Førde |
200 |
6 |
Peder Nyberg |
Veten |
200 |
6 |
Knut Even Hole |
Førde |
200 |
6 |
Vegard Hole |
Førde |
Idrettens Møteplass 2017
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 14. Nov 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Over 180 var innom Idrettens Møteplass på Sogndal VGS laurdag 11. november.
Over 180 var innom Idrettens Møteplass på Sogndal VGS laurdag 11. november. Dette var årets møteplass for idretten i Sogn og Fjordane.
Johan Kaggestad innleia med foredraget «Allsidig grunnlag for å nå toppen». Med fagleg tyngde kombinert med humoristiske vinklingar fenga og traff det godt blant dei over 100 frammøtte.
På boksleppet «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane» fortalte forfattar Rune Fossum Lillesvangstu om møta med dei ulike idrettsheltane og både dei kjende og ukjende historiene.
Etter lunsj var det ulike møter og kurs. Årets idrettsrådsamling med fokus på kommunesamanslåing, kurs i økonomistyring for idrettslag, haustmøtet til Sogn og Fjordane Skikrins og ope lagleiarmøte til Sogn og Fjordane Orienteringskrins.
Presentasjonar frå idrettsrådsamlinga:
- Idrettsrådet sine oppgåver
- Kommunesammenslåing – hvordan sikre idrettens vilkår?
- Kommunesamanslåing. Moglegheit for nye strukturar for samhandling mellom kommune og idretten?
Parallelt gjekk «Treningssamling på tvers» føre seg i Sogndal idrettshall. Over 50 unge utøvarar mellom 12 og 16 år gjennomførte 2 basisøkter saman med Mathias Lilleheim, Even Hole og Reidunn Bergheim. Her fekk ungdomane trene og bli kjent med kvarandre på tvers av idrettane.
Bruk 11.november i Sogndal i samband med Idrettens Møteplass!
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 26. Okt 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Lagleiarmøte for alle med interesse for o-sporten – parallelt har ungdommane treningssamling.
Sogn og Fjordane idrettskrins inviterer til samlinga Idrettens Møteplass 2017.
Sjå linken PROGRAM FOR IDRETTENS MØTEPLASS. Interesserte frå alle idrettar er inviterte til felles føredrag med Johan Kaggestad og felles lunsj.
Etterpå er det separate samlingar i særkrinsane. Her skal o-krinsen ha lagleiarmøte for alle med interesse for o-sporten.
For utøvarar i alderen 12 -16 år er det treningssamling parallelt med programmet for dei vaksne.
Resultat frå løpa i Naustdal
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 5. Okt 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Sjå listene frå nattløp og Haustbløyta.
22. og 23. september var det nattløp og Haustbløyta i regi av Naustdal.
Resultat kan du sjå: og her
Haustnatt og Haustbløyta i september!
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 10. Sep 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Gjer deg klar til haustløp i Naustdal.
Her finn du innbyding til Haustnatt (nattorientering) 22. september og Haustbløyta 23. september i Naustdal.
Framleis mulig å melde seg på o-leir og ungdomssamling i Sogndal!
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 6. Sep 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Barn og ungdom inviteres til orienteringsleiker og basistrening fredag 8. - laurdag 9. september.
I skrivande stund er det 35 påmelde på O-leiren og ungdomssamlinga 8. – 9. september. Og framleis kjem det inn påmeldingar.
Påmeldingsfristen går ut ved slutten av dagen i dag (onsdag 6. sept.)
Sjå innbyding til samlinga: her
O-leir og ungdomssamling i Sogndal
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 25. Aug 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Barn og ungdom inviteres til orienteringsleiker og basistrening fredag 8. - laurdag 9. september.
Orienteringsgruppa i Sogndal IL og Sogn og Fjordane Orienteringskrins
inviterer barn og ungdom, 8-18 år, til O-leir og ungdomssamling fredag 8. - laurdag 9. september på Kaupanger skule og Kaupanger idrettsplass.
Sjå innbyding: her
Sogndal IL inviterer til Krinsmeisterskap i sprint
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 25. Aug 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Laurdag 9. september frå Kaupanger idrettsplass.
Laurdag 9. september 2017 har o-gruppa i Sogndal IL gleda av å invitera til KM sprint på nytt kart ved Kaupanger idrettsplass.
Sterk prestasjon under O-festivalen
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 25. Jun 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
3. plass til Isak Bergset i seniorklassen!
Tommel opp!
Under o-festivalen på Oppdal 23.-25.juni vart det mange fine plasseringar for løparar frå Sogn og
Fjordane.
Søndag 25. juni løp Isak Bergset (tidlegare IL Veten, no NTNUI) inn til 3. plass i eliteklassen på mellomlang distanse.
Alle helgens resultat kan de sjå: her
Flotte o-dagar i Sogn og Fjordane 9. – 11. juni
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 14. Jun 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Tre gode arrangement i helga!
17 born var med på fin o-trolleir på Langeland i Gaular 9. – 10. juni.
56 deltakarar var med ved KM mellomlang i regi av Markane IL laurdag 10. juni.
Det var 59 deltakarar ved KM langdistanse i regi av IL Veten 11. juni.
Tilbakemeldingane frå alle tre arrangementa er kjempefine! Takk til alle arrangørane!!
Nedanfor er bilete av dei som er 12 år og yngre og som var med på løpet i regi av Markane 10. juni.
Foto over: Roy Aron Myklebust i avisa Fjordingen
Nedanfor er bilete frå premieutdelinga på samlingsplassen 11. juni.
Foto: Knut Even Hole
Flott KM-helg i Nordfjord!
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 12. Jun 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Sjå resultat frå KM-mellom og KM-lang.
Det var ei flott helg i Nordfjord, med to veldig bra gjennomførte KM-arrangement i regi av Markane IL laurdag (KM Mellom) og i regi av IL Veten på søndag (KM Lang).
Resultatlista frå KM-mellom
Resultatlista frå KM-lang
Ungdomssamling ved O-festivalen 2017
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 2. Jun 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Sjå innbydinga!
Den tradisjonelle turen til Pinseløpa i regi av krinsen, er i år flytta til fellestur til O-festivalen. O-festivalen går av stabelen 23.-25. juni nær Oppdal sentrum (Sør-Trøndelag).
Sjå innbydinga:
O- TROLLEIR 9.- 10. JUNI
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 24. Mai 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Førde I.L. Orientering inviterer til O-Trolleir på skihytta på Langeland 9.-10. juni.
Førde I.L. Orientering inviterer til O-Trolleir på skihytta på Langeland 9.-10. juni.
Denne leiren høver best for aldersgruppa ca. 10 – 14 år.
Vi vil tilpasse samlinga til både dei som er nybyrjarar og dei som har prøvt orientering før, så ved påmelding er det fint om du oppgjer alder og om barnet har erfaring med orientering.
Markane IL og IL Veten inviterer til krinsmeisterskap
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 24. Mai 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Velkommen til orienteringsløp i flott terreng i Indre Nordfjord!
Markane IL og IL Veten inviterer til krinsmeisterskap i orientering 10. og 11. juni.
Nytt sjansen til ei lita frihelg med familien.
Sunnfjordorienteringa og Førdebodstikka 2017
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 12. Mai 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Innbydingar til 2 tradisjonsrike orienteringsløp 20. og 21. mai.
20. og 21. mai inviterer Førde IL Orientering til Sunnfjordorienteringa og Førdebodstikka.
Innbydinga til løpa finn du:
Kurs i løypelegging 26. april!
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 18. Apr 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Fokus på løypelegging for nærløp og treningsløp.
Kurs i løypelegging 26. april på Kaupanger skule.
Fokus er på løypelegging for nærløp og treningsløp.
Christian Frøyd er instruktør.
Om du har tid og lyst, kan du også delta på treningsløp i forkant av kursstart.
Sjå vedlegget
Det er lagt opp til at deltakarane tar med mat sjølv.
Deltakarpremiering krinsløp 2017!
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 10. Apr 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Premiering for dei som har vore med på flest krinsløp også i år.
Det blir deltakarpremiering i år også for dei som har vore med på flest krinsløp når vi tel opp ved sesongslutt.
Reglane (presenterte på det ope lagleiarmøtet 03.02.) blir som følgjer:
Førstepremien er gåvekort på 1.500 kroner, andrepremien 1.000 kroner og tredjepremien 500 kroner.
Mellom resterande personar som har deltatt på 5 eller fleire løp, blir det trekt ut 5 personar som kvar vinn gåvekort på 200 kroner.
Mvh.
SFOK
Ungdomssamling i april
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 10. Apr 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Meld deg på for trening, sosialt samvær og løp!
22. – 23. april vert det ungdomssamling, med o-teknisk trening, krinsløp og bading på Hauglandsenteret.
Se innbyding: her
Innbyding krinsløp
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 10. Apr 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Mellomdistanse på nyrevidert kart «Askvollmarka».
Askvoll g Holmedal innbyr til krinsløp mellomdistanse på nyrevidert kart «Askvollmarka» søndag 23. april.
Innbydinga ser du: her
Terminlista for 2017
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 31. Mar 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Ajourført og komplett terminliste for 2017.
No er terminlista for 2017 ajourført og komplett.
Du finn den via lenka nedanfor.
Kurs i løypelegging i Stryn
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 6. Mar 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Primært for nybyrjarar/ungdom, men ope også for dei med litt erfaring.
Kurs i løypelegging, måndag 13. mars i Stryn. Sjå vedlegget: her
Primært for nybyrjarar/ungdom, men ope også for dei med litt erfaring.
Kontakt Johan Magerøy eller Knut Even Hole om du vil vere med fellestransport frå Førde, Skei eller Byrkjelo.
Klart Sol kan!
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 25. Jan 2017
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Sol Eikeseth Klakegg gjennomførte orienteringsløp heilt på eigen hand, med kamera på slep!
Klart Sol kan!
Sol Eikeseth Klakegg gjennomførte sitt første orienteringsløp helit på eigen hand, med kamera på slep!
For dei som gjekk glipp av det, eller vil sjå det ein gong til:
https://tv.nrk.no/…/klart-…/dksf43001116/sesong-6/episode-11
Verdsmeister i orientering, Anne Margrethe Hausken Nordberg, kommenterer: "Orientering på «Klart eg kan», NRK Super:
«Sol skal finne postene uten hjelp fra andre for første gang. Unger som begynner på orientering får hjelp, men når ferdighetene er gode nok blir de sluppet løs alene. Stolt av at o-idretten er med på å utvikle tøffe og selvstendige unger».
Vi er heilt enige i det, og håpar å sjå mange barn, ungdommar og vaksne i o-løypene til våren!