Haustmøtet og Idrettens møteplass
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 14. Okt 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Haustmøtet for Sogn og Fjordane Orienteringskrins og Idrettens Møteplass for Vestland Idrettskrets blir avvikla 5. november på Sandane. Her følgjer info om påmelding og program.
Haustmøtet er ein arena for diskusjon og innspel frå heile krinsen på organisering og planlegging av aktiviteten kommande år. Det blir også premiering for Ungdomscupen og føredrag frå NOF om kart for skule- og fritidsaktivitet. For ungdommar mellom 12 og 19 år blir det også treningssamling på tvers av idrettane, i regi av idrettskrinsen. Det vert og arrangert tre kurs i regi av idrettskrinsen samtidig med haustmøtet for dei som heller ønskjer det. Vi håpar flest mogleg tar seg tida til å delta.
Tidspunkt: | Laurdag 5. november |
Stad: | Sandane – Trivselshagen/ -hallen |
For kven: | Engasjerte personar i klubbane, tillitsvalde i skikrinsen og alle andre interesserte |
Treningssamling: | For ungdommar på tvers av idrettar (12-19 år) |
Klikk her for å melde deg på: PÅMELDING
Frist 30. oktober.
Påmeldinga går til idrettskrinsen. Du kryssar av for om du skal melde deg på møteplassen/haustmøtet eller treningssamlinga, og kva særkrins du skal delta på haustmøte i.
Meir info:
Idrettens møteplass
Treningssamling 12-19 år
Førebels rammeprogram
kl. 10.00-16.00
Treningssamling for 12-19 år
kl. 10.00-12.00:
Idrettens møteplass: felles foredrag v/ Idrettskretsen
kl. 12.00-13.00
Servering av lunsj
kl. 13.00-17.00
Kurs - "Tilrettelegging paraidrett", "Klubbens styrearbeid i praksis" og "Klubbadmin, medlemssystem" (OBS: kolliderer med haustmøtet)
kl. 13.00-16.00:
Haustmøte SFOK
- Premiering Ungdomscup
- Føredrag "Orientering - kart i skole og fritid" om m.a. nye tilskot - v/NOF
- Oppsummering 2021
- Oppsummering frå krinsleiarmøtet og kompetansehelga til NOF - v/krinsleiar
- Planlegging 2022
- Terminliste
- Tiltaksplan
- Søknadar, informasjon
- Arbeid i klubb og krins
Programmet kan bli justert.