Krinsleirar både i Markane og på Geilo i juni

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 22. Mai 2022

Skrevet av Jakob Kalvig Skogan

Sogn og Fjordane o-krins inviterer til o-trolleirar både i Stryn og på Geilo den kommande månaden.

Under KM Mellom og krinsløp langdistanse 11.-12. juni blir det leir for både dei yngste og eldste ungdommane, med o-trolleir og krinssamling på Ullsheim frå laurdag til sundag. Vi håpar på godt vêr og ei skikkeleg triveleg KM-helg!

Seinare i juni blir det o-trolleir på Geilo under Geilo 3-dagers 17.-19. juni, som ein pangstart på sommaren med flott fjellterreng og der vi håper mange frå krinsen også vil delta. Krinsen organiserer felles overnatting også for dei som ikkje deltar på o-trolleir. Dette er sendt ut info om til klubbane, så høyr med klubben din eller kontakt krinsen direkte.

Innbyding O-trolleir 7-12 år Ullsheim/Markane 11.-12. juni

Innbyding krinssamling 13-25 år Ullsheim/Markane 11.-12. juni

Innbyding O-trolleir 7-12 år Geilo 17.-19. juni

 

Kontakt Sogn og Fjordane o-krins:

Jakob Kalvig Skogan
950 35 365 / jakob.ks.93@gmail.com