Utøvarstipend og klubbstøtte frå idrettsfond
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 1. Apr 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane vil i 2022 dele ut idrettsstipend og støtte til tiltak for barn/ungdom og paraidrett. Søknadsfristen er 1. mai.
Det er særkrinsar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt unge utøvarar (16-19 år) som representerer idrettslag i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund, som kan søke på midlane.
Det er følgjande tre kategoriar ein kan søkje på:
- Stipend til unge idrettsutøvarar 16-19 år
- Støtteordning til barne- og ungdomsidrett
- Støtteordning til paraidrett
Meir informasjon og søknadsskjema finn ein på https://www.idrettsfondsf.no/.
SFOK oppmodar alle av våre medlemmar og klubbar som er aktuelle for nokre av kategoriane å søkje. Har nokon spørsmål om søknaden kan ein ta kontakt direkte med stiftinga eller med styret i o-krinsen.