Hovedløpet og O-landsleir 2025
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 14. Aug 2025
Årets Hovedløp og O-landsleir gjekk av stabelen i Sandefjord og 9 deltakarar og 2 leiarar frå Markane og Førde hadde 7 flotte dagar på tur. Førde gjengen reiste nedover torsdag med minibuss og Anne Therese Kusslid som stødig sjåfør og leiar. Gjengen frå Markane hadde vore på Norway-Cup, og fekk noko kortare reiseveg til Sandefjord. Fredagen var det treningsdag og bli kjent med andre deltakarar. Laurdag var det på med løpsutstyr og stille til start opp langdistansen, og søndag sto sprinten for tur. Måndag og tysdag var det aktivitetsdagar med mykje moro, før den berømte krets-stafetten avslutta det heile på onsdag. Ungdomen har kosa seg mykje på turen, og det har vist jammen leiarane og.
Eine tilbakemeldinga var slik: For ein utruleg fin gjeng. Rett og slett ei vitamininnsprøyting å få være med.
Det blei til og med 2. plass for beste kostyme på kretsstafetten, der jentene frå Førde hadde kledd seg ut som gamle damer.
Så oppfordringa til alle klubbane i krinsen er å jobbe med ungdomen fram mot neste års HL/OLL, slik at vi får ein like stor og kanskje endå større gjeng med. Dei vil nok ikkje angre på at dei reiser, berre spør dei som var i år!!!
Dei som har delteke er: Ann Kristin Kusslid, Elisabeth Kusslid, Erlend Husevåg-Lobben, Gaute Osvoll, Kaja Osvoll, Sjur Skilbrei og Ella Ryste Haugsbø. Alle desse frå Førde. Frå Markane var Olina Svarstad Heggdal og Brita Svarstad Heggdal. Leiarar var Anne Therese Kusslid og Anne Marie Svarstad.
Elisabeth Kusslid har satt saman ein video som viser noko av det dei har fått opplevd. (Filmen kan ta litt tid å laste inn)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.