Haustmøtet og Idrettens møteplass
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 14. Okt 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Haustmøtet for Sogn og Fjordane Orienteringskrins og Idrettens Møteplass for Vestland Idrettskrets blir avvikla 5. november på Sandane. Her følgjer info om påmelding og program.
Haustmøtet er ein arena for diskusjon og innspel frå heile krinsen på organisering og planlegging av aktiviteten kommande år. Det blir også premiering for Ungdomscupen og føredrag frå NOF om kart for skule- og fritidsaktivitet. For ungdommar mellom 12 og 19 år blir det også treningssamling på tvers av idrettane, i regi av idrettskrinsen. Det vert og arrangert tre kurs i regi av idrettskrinsen samtidig med haustmøtet for dei som heller ønskjer det. Vi håpar flest mogleg tar seg tida til å delta.
Tidspunkt: | Laurdag 5. november |
Stad: | Sandane – Trivselshagen/ -hallen |
For kven: | Engasjerte personar i klubbane, tillitsvalde i skikrinsen og alle andre interesserte |
Treningssamling: | For ungdommar på tvers av idrettar (12-19 år) |
Klikk her for å melde deg på: PÅMELDING
Frist 30. oktober.
Påmeldinga går til idrettskrinsen. Du kryssar av for om du skal melde deg på møteplassen/haustmøtet eller treningssamlinga, og kva særkrins du skal delta på haustmøte i.
Meir info:
Idrettens møteplass
Treningssamling 12-19 år
Førebels rammeprogram
kl. 10.00-16.00
Treningssamling for 12-19 år
kl. 10.00-12.00:
Idrettens møteplass: felles foredrag v/ Idrettskretsen
kl. 12.00-13.00
Servering av lunsj
kl. 13.00-17.00
Kurs - "Tilrettelegging paraidrett", "Klubbens styrearbeid i praksis" og "Klubbadmin, medlemssystem" (OBS: kolliderer med haustmøtet)
kl. 13.00-16.00:
Haustmøte SFOK
- Premiering Ungdomscup
- Føredrag "Orientering - kart i skole og fritid" om m.a. nye tilskot - v/NOF
- Oppsummering 2021
- Oppsummering frå krinsleiarmøtet og kompetansehelga til NOF - v/krinsleiar
- Planlegging 2022
- Terminliste
- Tiltaksplan
- Søknadar, informasjon
- Arbeid i klubb og krins
Programmet kan bli justert.
God stemning på krinsløp i Sogndal
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 19. Sep 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Gjennom helga var det fullt køyr med sprintløp i Sogndalsfjøra laurdag, o-troll og ungdomsleir på kvelden og KM Langdistanse sundag der løparar frå heile Sogn og Fjordane, og nokre frå nabofylka, fekk bryne seg på tøft terreng i haustsola i Rindabotn.
Med 80 og 60 deltakarar dei to dagane seier arrangørklubben seg godt nøgd med deltakinga og håpar både born og vaksne hadde det fint på løpa. Resultata ligg på Eventor. Der ligg også link til GPS-tracking i Livelox, kor vi håpar alle som brukte GPS lastar opp (kan laste opp direkte frå Strava, Garmin Connect m.fl.).
Eventor - Offisiell resultatliste for Sprintløp Sogndal (orientering.no)
Eventor - Offisiell resultatliste for KM-lang (orientering.no)
Onsdag arrangerer Sogndal treningsløp i løypene frå sundag.
Etter sprinten bar det opp til Hodlekve for ungane som var med på treningsleir. Her stod både stjerneorientering og myrbading på programmet, og det var full aktivitet rundt skihytta i Hodlekve til lenge etter mørkret falt på!
Løypeleggar Karin var godt nøgd med gjennomføringa sundag
KM Natt og Haustbløyta 30.09-01.10
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 19. Sep 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Førde og Tambarskjelvar inviterer til sesongavslutning for årets krinsløp med KM Natt i Gjesdalsdalen ved Vassenden og Haustbløyta i Ramsdalsheia i Naustdal, fredag 30. september og laurdag 1. oktober.
Ikkje pakk vekk o-skoa enno, men finn fram ladaren til hodelykta, eit par gode ullsokkar og bli med på to flotte løp i Sunnfjord!
Innbydinga og påmelding finn du i Eventor.
ENDRING: Arrangøren på KM Natt har lagt til ei C-løype med obligatorisk parløping for dei under 15 år (og mindre erfarne vaksne), og Open-klassar i A-løypene kor det er valfritt å samløpe.
Sprintløp og KM lang i Sogndal og Hodlekve 17.-18 sep
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 14. Aug 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Laurdag og søndag 17.-18. september arrangerer Sogndal IL krinsløp i sprint i Sogndal sentrum og KM Lang i Hodlekve. Det blir også O-trolleir og ungdomsleir gjennom helga.
Samlingsplass laurdag blir i Sogndal sentrum og søndag ved skisenteret i Rindabotn (Hodlekve). Vi lovar spennande løyper i utfordrande terreng begge dagar, og håpar alle tar turen til Sogn denne helga!
Innbyding påmelding i Eventor:
Laurdag (sprint): https://eventor.orientering.no/Events/Show/15996
Sundag (KM lang): https://eventor.orientering.no/Events/Show/15999
Etter løpet laurdag og fram til løpet sundag arrangerer krinsen samlingar for barn og ungdommar i krinsen, med o-treningar og felles sosial aktivitet. Påmelding i Eventor.
O-trolleir(-12 år): https://eventor.orientering.no/Events/Show/17000
Ungdomssamling (13+ år): https://eventor.orientering.no/Events/Show/17001
Flott løpshelg i Markane
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 13. Jun 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
I helga arrangerte Markane IL KM mellomdistanse og krinsløp langdistanse i utfordrande terreng frå skisenteret på Ullsheim. Nær 60 vel nøgde løparar deltok og kjempa om KM-medaljane.
Les også Fjordingen si omtale av KM-helga her: https://www.fjordingen.no/nyhende/i/8Q49oQ/vaatt-km-i-orientering (krev abonnement)
KM Mellom på laurdag baud på krevjande løyper i diffus skråli med mange små myrer og tidvis ujamn botn. Her var det dei som greidde å halde kartkontakt samstundes med eit stabilt løpssteg som stakk av med dei beste resultata. Følgjande krinsmeistrar vart kåra:
D13-14: Olina Svarstad Heggdal, Markane IL
H13-14: Jakob Ulvedal IL Veten
D17-18: Anja Hole, Førde IL
H -19: Jakob Kalvig Skogan, Sogndal IL
D40-: Gøril Fristad, Askvoll og Holmedal IL
H40-: Anders Eilertsen Grønli, Førde IL
D50-: Åshild Sætren Bøe, Markane IL
H50-: Anders Bergset, IL Veten
D60-: Grete Zachariassen, Markane IL
H60-: Norvald Ospehaug, IL Tambarskjelvar
H70-: Torodd Os, Førde IL
H80-: Sveinung Fristad, Askvoll og Holmedal IL
I tillegg var det god deltaking i både N- og B-åpen-klassane. Totalt var det 56 deltakarar.
Fulle resultat ligg her: Eventor
Livelox (GPS-spor) ligg her: Livelox
Etter løpet samla barn og ungdom seg i klubbhuset på Ullsheim for sosial samling med trening, grillmiddag og sosial samvær. Her var det god stemning til seint på kvelden.
Sundagen meldte regnet sin ankomst over Nordfjord, men deltakarane lot seg ikkje skremme og fullførte ein langdistanse i eit terreng som var litt opnare og mindre steinete enn dagen før. Løparane i dei lengste løypene fekk også bryne seg på dei øvre delane av kartet med ope fjellterreng.
Fulle resultat: Eventor
Livelox: Livelox
Vi takkar Markane IL for eit vel gjennomført arrangement og ønskjer velkommen til haust-KM i Sogndal 17.-18. september.
Bilde frå premieutdelinga på langdistansen
Vinnarane i D- og H13-14
Vinnarane i D- og H-17
Vinnarar i veteranklassane
Vinnarar i Open-klassane
Bli med på Hovedløp og O-landsleir
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 11. Jun 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Årets Hovedløp og O-landsleir for 14-16-åringar går i Sandnes 5.-10. august.
Årets store «happening» for o-ungdom i alderen 14-16 år er Hovedløpet og O-landsleiren (HL/OLL). Her treffast over 300 ungdom på alle nivå og frå heile landet til o-løp, leir, sosial omgang og mykje moro saman med jamnaldrande. Det er innkvartering på skule og krinsane organiserer felles reise, noko som gjer det heile inkluderande og bidrar til godt fellesskap. I Sogn og Fjordane samarbeidar vi med Hordaland O-krets om reise og lag på krinsstafetten, for å skape ein best mogleg tur for våre løparar.
Se innbydinga her
Hugs påmelding til løp og leir i Eventor innan 24. juni!
Det er tre påmeldingslenker som gjeld:
O-landsleir
Hovedløp langdistanse
Hovedløp sprint
Løparar som melder seg på bes også sende e-post til jakob.ks.93@gmail.com slik at krinsen kan organisere reise.
Meir informasjon:
Generell informasjon om Hovedløp og O-landsleir
Økonomisk støtteordning «Alle med i orientering»
Det er mogleg å søkje om gratisplass på HL og OLL til ungdom som på grunn av økonomi som barriere elles ikkje har moglegheit til å delta. Det er klubbane som søkjer og søknaden er anonym. Vi oppmodar klubbane om å informere om ordninga for å sikre at alle ungar som ønskjer for moglegheita til å delta.
Sjå link under til infoskriv med meir info om ordninga, som også inkluderer støtte til utstyr og andre o-aktivitetar. Under finn du også søknadsskjema.
Kontaktperson i orienteringsforbundet for mer info om dette er: lonekarin.brochmann@orientering.no
Informasjon og skjema
Ungdomssamling under Fjord-O
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 7. Jun 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Førde IL inviterer saman med Sogn og Fjordane o-krins ungdommar til samling under Fjord-O i Stryn 14.-17. juli.
Krinsleirar både i Markane og på Geilo i juni
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 22. Mai 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Sogn og Fjordane o-krins inviterer til o-trolleirar både i Stryn og på Geilo den kommande månaden.
Under KM Mellom og krinsløp langdistanse 11.-12. juni blir det leir for både dei yngste og eldste ungdommane, med o-trolleir og krinssamling på Ullsheim frå laurdag til sundag. Vi håpar på godt vêr og ei skikkeleg triveleg KM-helg!
Seinare i juni blir det o-trolleir på Geilo under Geilo 3-dagers 17.-19. juni, som ein pangstart på sommaren med flott fjellterreng og der vi håper mange frå krinsen også vil delta. Krinsen organiserer felles overnatting også for dei som ikkje deltar på o-trolleir. Dette er sendt ut info om til klubbane, så høyr med klubben din eller kontakt krinsen direkte.
Innbyding O-trolleir 7-12 år Ullsheim/Markane 11.-12. juni
Innbyding krinssamling 13-25 år Ullsheim/Markane 11.-12. juni
Innbyding O-trolleir 7-12 år Geilo 17.-19. juni
Kontakt Sogn og Fjordane o-krins:
Jakob Kalvig Skogan
950 35 365 / jakob.ks.93@gmail.com
Vellukka krinsting og fagsamling
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 8. Mai 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
På Skei 6. mars arrangerte SFOK årets krinsting, med fagleg oppladning i form av fagsamling for klubbane. Her deltok også Lene Kinneberg frå Norsk Orientering som rettleiar for arbeidet. Samlinga innebar gode diskusjonar der klubbane kom fram til utfordringar vi har i krinsen. På bakgrunn av desse vart det arbeida med å finne satsingsområde framover.
Forslaga ein kom fram til var marknadsføring, barnetrening, familietrening/rekruttering av voksne og større sosialt fellesskap i klubb og krins. Det var semje mellom deltakarane om at krinsen i samarbeid med klubbane arbeidar vidare med og støttar opp om tiltak innafor desse områda. Marknadsføring er viktig for all aktivitet og rekruttering av vaksne parallelt med barn er nødvendig for å ha nok ressurspersonar i klubbane.
Etter ein pause var det klart for krinsting. Her var det tolv møtande frå klubbane i tillegg til Anne Grethe Naustdal frå Vestland idrettskrets og Kinneberg frå Norsk Orientering.
Under økonomisakene vart budsjettet justert med auka tilskot frå NOF. Delar av denne auka vart overført til ein pott med disponible midlar som styret kan nytte til uføresette utgifter. Klubbkontigenten vart halden uendra. Det vart vidare vedtatt å utvide styret i krinsen med to ekstra styremedlemmar på forslag frå krinsstyret, ettersom det er mykje arbeidsoppgåver og ønskje om større mangfald i styret både fagleg og geografisk. Samstundes vedtok tinget at éin av medlemmane bør vere ungdomsrepresentant under 26 år.
Under drøftingssaker presenterte Christian Frøyd stillinga som aktivitetskoordinator som krinsen har fått pengar til, og som han går inn i. Dette er ei ressursstilling som klubbane kan utnytte for å få fagleg bistand i å utvikle opplegg, arrangement og anlegg. Tinget var samd i at klubbane må utnytte dette, passe på å utvikle aktivitetsplanar og sende søknadar om bistand.
Val av nytt krinsstyre vart i tråd med valkomiteen si innstilling, og styret for SFOK for 2022 og -23 er:
Leiar: Christian Frøyd
Nestleiar: Jakob Kalvig Skogan
Medlemmar: Gøril Fristad, Anja Hole og Anders Bergset
Vara: Jan Magne Herstad, Yngve Aardal og Norvald Ospehaug
Fullstendig protokoll frå krinstinget og tiltaksplan for SFOK i 2022 finn du under Dokument, referat m.m.
Med dette ønskjer vi alle medlemmar ein god ny orienteringssesong!
Førde IL inviterer til O-trolleir og ungdomssamling i mai
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 13. Apr 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
I samband med KM Sprint og Sunnfjordorienteringa 7.-8. mai inviterer Førde IL til O-trolleir laurdag til sundag og krinslagssamling fredag til sundag på Langeland skisenter. Vi håpar flest mogleg blir med på samlingane!
Invitasjon O-trolleir 7.-8. mai (8-12 år)
Invitasjon krinssamling 6.-8. mai (13-25 år)
Påmelding til sjølve løpa skjer i Eventor
Utøvarstipend og klubbstøtte frå idrettsfond
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 1. Apr 2022
Skrevet av Jakob Kalvig Skogan
Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane vil i 2022 dele ut idrettsstipend og støtte til tiltak for barn/ungdom og paraidrett. Søknadsfristen er 1. mai.
Det er særkrinsar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt unge utøvarar (16-19 år) som representerer idrettslag i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund, som kan søke på midlane.
Det er følgjande tre kategoriar ein kan søkje på:
- Stipend til unge idrettsutøvarar 16-19 år
- Støtteordning til barne- og ungdomsidrett
- Støtteordning til paraidrett
Meir informasjon og søknadsskjema finn ein på https://www.idrettsfondsf.no/.
SFOK oppmodar alle av våre medlemmar og klubbar som er aktuelle for nokre av kategoriane å søkje. Har nokon spørsmål om søknaden kan ein ta kontakt direkte med stiftinga eller med styret i o-krinsen.
Innbyr til fagsamling med tema klubbutvikling!
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 17. Feb 2022
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Klubbene skal bli enda bedre sammen!
O-krinsen innbyr til fagsamling Sundag 6. mars 2022 kl. 09.00 -12.15
Les meir: her
Påmelding Innan 27.02. på eventor
https://eventor.orientering.no/Activities/Show/4402
(evt på e-post: christian.froyd@hvl.no )
Velkommen til krinsting 6. mars!
Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 6. Feb 2022
Skrevet av Norges Orienteringsforbund
Krinsting på Skei første helg i mars.
Velkommen til krinsting 6. mars på Skei.
Sjå innkalling: her
Forslag til tinget senest 2 uker før (20.2).
Påmelding senest 1 uke før (27.2).
Påmelding