Vellukka krinsting og fagsamling

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 8. Mai 2022

Skrevet av Jakob Kalvig Skogan

På Skei 6. mars arrangerte SFOK årets krinsting, med fagleg oppladning i form av fagsamling for klubbane. Her deltok også Lene Kinneberg frå Norsk Orientering som rettleiar for arbeidet. Samlinga innebar gode diskusjonar der klubbane kom fram til utfordringar vi har i krinsen. På bakgrunn av desse vart det arbeida med å finne satsingsområde framover.

Forslaga ein kom fram til var marknadsføring, barnetrening, familietrening/rekruttering av voksne og større sosialt fellesskap i klubb og krins. Det var semje mellom deltakarane om at krinsen i samarbeid med klubbane arbeidar vidare med og støttar opp om tiltak innafor desse områda. Marknadsføring er viktig for all aktivitet og rekruttering av vaksne parallelt med barn er nødvendig for å ha nok ressurspersonar i klubbane.

Etter ein pause var det klart for krinsting. Her var det tolv møtande frå klubbane i tillegg til Anne Grethe Naustdal frå Vestland idrettskrets og Kinneberg frå Norsk Orientering.

Under økonomisakene vart budsjettet justert med auka tilskot frå NOF. Delar av denne auka vart overført til ein pott med disponible midlar som styret kan nytte til uføresette utgifter. Klubbkontigenten vart halden uendra. Det vart vidare vedtatt å utvide styret i krinsen med to ekstra styremedlemmar på forslag frå krinsstyret, ettersom det er mykje arbeidsoppgåver og ønskje om større mangfald i styret både fagleg og geografisk. Samstundes vedtok tinget at éin av medlemmane bør vere ungdomsrepresentant under 26 år.

Under drøftingssaker presenterte Christian Frøyd stillinga som aktivitetskoordinator som krinsen har fått pengar til, og som han går inn i. Dette er ei ressursstilling som klubbane kan utnytte for å få fagleg bistand i å utvikle opplegg, arrangement og anlegg. Tinget var samd i at klubbane må utnytte dette, passe på å utvikle aktivitetsplanar og sende søknadar om bistand.

Val av nytt krinsstyre vart i tråd med valkomiteen si innstilling, og styret for SFOK for 2022 og -23 er:
Leiar: Christian Frøyd
Nestleiar: Jakob Kalvig Skogan
Medlemmar: Gøril Fristad, Anja Hole og Anders Bergset
Vara: Jan Magne Herstad, Yngve Aardal og Norvald Ospehaug

Fullstendig protokoll frå krinstinget og tiltaksplan for SFOK i 2022 finn du under Dokument, referat m.m.

 

Med dette ønskjer vi alle medlemmar ein god ny orienteringssesong!