Romjulsløp i Sunnfjord 2. juledag.

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 20. Des 2024



Førde IL-Orientering inviterer til det tradisjonsrike Romjulsløpet. Arena vert ved Ulvedalane. Merka avkøyring mot Holsen i krysset på Moskog.

Premie til løypevinner D/H i alle løypene. Det vert pepperkaker og gløgg og saft. Bålpanna blir tent, så det er mogleg å grille ei pølse om nokon har med seg det.

Fin moglegheit for eit siste o-løp i 2024, så hiv dåkke rundt og meld på så snart de kan. Dette hjelper arrangør å planlegge arrangementet innimellom julefeiringa.

Link til Eventor og påmelding HER.

Invitasjonen finn de HER.




KM natt er flytta til onsdag 25 september. Haustbløyta blir som oppsatt den 22 september.

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 17. Sep 2024

Tambarskjelvar inviterer til KM natt og Haustbløyta.


NB! KM natt er flytta til onsdag 25 september grunna lite påmeldte.


Link til info og påmelding for KM - natt finn du HER.

Link til info og påmelding for Haustbløyta finn du HER.


Ordinær påmeldingsfrist er torsdag 19/9 for Haustbløyta og tirsdag 24/9 for KM natt.




Tre deltakarar frå Sogn og Fjordane på årets HL/OLL.

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 21. Aug 2024









Årets Hovedløp (HL) og O-landsleir (OLL) blei arrangert av Fredrikstad O-klubb 3. - 7. august. S&Fj stilte med tre deltakarar, Olina Svarstad Heggdal (D15) frå Markane IL, Gaute Osvoll (H15) og Sjur Skilbrei (H14) frå Førde IL. Anne Marie Svarstad stilte også i år som lagleiar. Grunna økning på 50% med deltakarar frå 2 i 2023 til 3 i 2024 vart S&Fj krinsen med størst auke, og fekk premie for dette.  Målet til neste år er å auke tilsvarande 😊. Veldig kjekt at ungdomane hadde lyst å delta på dette, og det brukar å friste til gjenntaking.

Anne Marie har skreve nokre ord om løpa og samlinga, samt tatt bilder.

Program

Laurdag 3.august: Hovudløpet langdistanse

Søndag 4.august: Hovudløpet, sprint

Måndag 5.august: Aktivitetsdag, TOC

Tysdag 6.august: Treningsdag og Mor-O-løpet

Onsdag 7.august: Krinsstafetten


Samarbeid

Sogn og Fjordane delte i år rom med Møre og Romsdal, Troms og Agder og det var eit godt og kjekt samarbeid oss fire krinsane mellom. Christer Jensen frå Emblem (Møre og Romsdal) hadde, som i fjor, førebudd seg godt til HL og delte sin kunnskap med oss andre. Det sette vi stor pris på. 

Det var berre Agder som hadde nok løparar til eit stafettlag. Sidan det var fire jenter og åtte gutar på rommet laga vi eit reint jentelag og to gutelag. Jentelaget som kledde seg ut som Hvaler på Hvaler fekk 2.plass i kostymekonkurransen!

 

O-landsleir:

Måndag:

Aktivitetsdag: Eit nytt aktivitetskonsept, TOC, vart testa ut. 

Tysdag:

Langtur, Moment-O, MorO-løpet og bading stod på programmet.

Resultat

Langdistanse: 

Sjur: 46 

Gaute: 55

Olina: 16 (premie)

 Sprint:

Sjur: 51

Gaute: 63

Olina: 21






Rekordstor deltaking under KM-helg hos Markane IL og IL Veten?

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 19. Jun 2024

Så lenge eg har deltatt på KM løp i Sogn og Fjordane, kan eg ikkje huske så stort deltakartal som KM-helga Markane IL og IL Veten heldt 15 og 16 juni. 76 deltakarar på KM mellom arrangert av Markane IL og 100 deltakarar på KM lang arrangert av IL Veten. Derfor teksten "Rekordstor deltaking" i overskrifta med spørsmålsteikn bak. 

Kjekt å sjå at det var så mange i nybegynnar løypene. De gir eit håp om ny rekrutering i Nordfjord.

Det var og O-trolleir og ungdomssamling frå laurdag til søndag på Nordfjord Fritidssenter, der deltakarane fekk prøve seg på ulike leikar og o-teknisk trening. Nokre var til og med å aka i hoppbakken. Latter, skrik og skrål kunne høyrast lang veg, så at borna og ungdomen hadde det kjekt var det liten tvil om.

Stor applaus til alle frå Markane IL og IL Veten som har jobba på for løp, leir og samling.

Reportasje i Fjordingen om KM-helga finn de her: Markane-Veten avisutklipp.jpg

Resultat frå KM mellom finn de HER.

Resultat frå KM lang finn de HER.




Fellestur til O-Festivalen på Lillehammer/Sjusjøen

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 7. Jun 2024



Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer til felles overnatting under O-Festivalen på Lillehammer/Sjusjøen 21-23. juni

SFOK har reservert ei hytte med 20 sengeplassar, stort og flott fellesområde og stove.

Oppfordrar spesielt ungdommen til å være med, og de som skal på HL/OLL, da dette er ein flott måte å prøve seg på litt anna terreng enn kva de er kjent med. Treng de skyss, så sjekk kven som har meldt på, så ordner det seg nok.

Det er og mogleg å stå med bubil/campingvog på plassen.

Link til meir info om hytta HER

Påmelding på Eventor innan 14. juni med link HER

Påmelding til løpa fin de på Eventor

Skund dykk å melde på, dette kan ein ikkje gå glipp av 😊




KM-helg 15. - 16. juni

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 30. Mai 2024

                                                                     


Markane IL og IL Veten inviterer til KM-helg 15. - 16. juni.

Laurdag er det KM mellom med arena på Kvia ved Stryn Skisenter. Påmelding og invitasjon finn de HER.

Arrangør er Markane IL.

Søndag er det KM lang med arena på Leite, merka avkøyring frå Panoramavegen. Påmelding og invitasjon finn de HER.

Arrangør er IL Veten.

Det vert og O-trolleir og Ungdomssamling med innkvartering ved Nordfjord Fritidssenter etter løpet på laurdag.

Trykk på lenkene for påmelding og meir informasjon.




Sogndal IL-Orientering inviterer til løpshelg 25. - 26. mai.

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 18. Mai 2024


Sogndal IL ønskar å invitere til løpshelg lørdag og søndag 25. - 26. mai. 

Det er også o-trolleir og ungdomssamling til samme tid. (trykk på linkane for å kome til påmelding)

Sprint på lørdag med start og mål fra Vesterland Feriepark. 

Påmelding og informasjon finn de HER.

Resultat finn de HER.


På søndag er det mellomdistanse med start og mål frå det meget fine utsiktspunktet Kronprins Haralds plass på Kaupanger.

Ca 1,5 km gange frå parkeringsplass ved Flyplassvegen. 

Påmelding til melomdistansen finn de HER.

Resultat finn de HER.




Innbyding til Sunnfjordorienteringa

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 17. Mai 2024


Førde IL-Orientering innviterar til Sunnfjordorienteringa 29. mai i Masdalen.

Merka veg frå E39 ved Sunde.

Påmelding og meir informasjon i innbydinga finn de HER.

Resultat finn de HER.




Innbyding til Rotekoppen

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 9. Mai 2024

   


Breimsbygda IL - Orientering inviterer til Rotekoppen laurdag 1. juni.

Startskotet går kl 15.00. Arena er ved Brekkestova, avkøyring ved fjellstova på Utvikfjellet.

Les meir i innbydinga her: Innbydelse Rotekoppen 2024.pdf.

Nøl ikkje med å melde dåkke på årets artigaste o-løp i krinsen HER.



Resultat liste kan de sjå her: RESULTATLISTE ROTEKOPPEN 2024.pdf





Vel overstått O-helg i Sunnfjord

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 5. Mai 2024

Førde IL-Orientering og Askvoll og Holmedal IL-Orientering har i løpet av helga 3-5 mai arrangert tre orienteringsløp. KM sprint og mellom distanse i Førde, fredag og laurdag, og mellom distanse i Askvoll, søndag. Nydeleg vær alle dagane, kanskje litt for varmt på laurdag i Førdslia. Flotte løyper alle dagane, frå orientering i Førde sentrum, bratte bakkar i Førdslia, og til slutt kystlandskap i Askvoll. Takk til alle løypeleggjarar, løpsledarar, TD og funksjonærar frå begge klubbane, som har stått på for å lage så fine arrangement. Og ikkje minst takk til deltakarane. Veldig kjekt at så mange tok turen frå Hordaland. 

Link til resultat KM sprint: Resultatliste for Førde IL KM Sprint Sogn og Fjordane

Link til resultat mellom distanse i Førde: Resultatliste for Førde IL Krinsløp Mellom

Link til resultat mellom distanse i Askvoll: Resultatliste for Krinsløp mellomdistanse


Bilder frå helga her: Album






O-helg i Sunnfjord

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 7. Apr 2024

Et bilde som inneholder tekst, Font, logo, symbolAutomatisk generert beskrivelseFørde IL Orientering og Askvoll ILEt bilde som inneholder merkingAutomatisk generert beskrivelse med lav konfidens
 har gleda av å invitere til

 

O-helg i Sunnfjord

med løp fredag 3. mai og laurdag 4. mai i Førde,
 og 
søndag 5. mai i Askvoll.



O-trolleir frå laurdag 4. til søndag 5. mai

og

Ungdomssamling frå fredag 3. til søndag 5. mai


(trykk på lenkene for meir informasjon og påmelding)






Tilbakeblikk. NRK innslag for 20 år sidan

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 16. Mar 2024


Eit lite tilbakeblikk på ei alternativ orienteringstrening med truger i eit innslag vist på NRK Vestlandsrevyen 6 februar 2024. To framleis aktive o-løparar i full driv med truger. Klikk på lenka og innslag 6.  "Trugeorientering på Langeland"




Fjord-O 2024

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 14. Mar 2024


Første påmeldingsfrist til Fjord-O 2024 er 15.03. Lavere påmeldingsavgift om ei melder på alt no. Ikkje noko å vente på om ein har tenkt seg ein tur til Bergen i juli, for å delta på fire flotte løp. Håper deltakarar frå Sogn og Fjordane stiller på, og om det er interesse for å finne ein plass til felles overnatting så ta kontakt med Knut Even på knuteh@hotmail.com innan søndag 17.03. Så må vi prøve å få til noko der. Nokre har behov for hytte, andre for bobil/campingvogn plass, eller telt. Skriv kva som gjeld for deg/dåkke.

Her er link til påmelding/invitasjon.

Bare å hive seg rundt å melde på🙂

Innbydelse.pdf




Idrettsmedisinsk fagdag.

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 7. Feb 2024

Olympiatoppen Vest inviterer til idrettsmedisinsk fagdag den 13. februar kl 15-17

 

Sted: Idrettens Hus, Brann Stadion og på teams

 

PROGRAM :

15.00 – 15.30 Utviklingshjulet v/Pia Mørk Andreassen, daglig leder Olympiatoppen Vest

15.30-16.00 Den ikke fungerende utøver v/Hege Clemm og Magnus Myntevik

16.00-17.30 Det umodne skjelettet v/Nicolay Morland og Marcus Dasa

17.30-18.00 Beinhinne? Medialt tibialt stress syndrom v/Kristoffer Refsdal og Iwonka Vik Olsen

Spørsmål rettes til iwonka.vik@olympiatoppen.no

 

Pris: kr 100.

Påmelding innen 9. februar gjøres her




Webinar om Hovedløp og O-landsleir

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 4. Feb 2024

Arrangør av Hovedløp og O-landsleir (HL/OLL) i 2024, Fredrikstad SK, inviterer i samarbeid med Norges Orienteringsforbund til ope webinar om HL/OLL.

SFOK oppmodar klubbar som har utøvarar i HL-alder (14-16 år) til å stille på webinaret for å få nyttig informasjon.


TIRSDAG 13. FEBRUAR KL 20.00 – 21.00 på teams.


Påmelding innen tirsdag 13. februar kl 18:00 i Eventor/forbundsaktiviteter https://eventor.orientering.no/Activities/Show/5493

Alle påmeldte får tilsendt lenke til teams på e-post etter kl 18.00

  

Målgruppene for møtet er spesielt ledere, trenere og foresatte til ungdomsløpere i alle klubbene og kretsenes ansatte, ledere og HL/OLL-kretskontakter.

 

Program:

Informasjon om HL/OLL i Fredrikstad 2.-7. august 2024

  • Visjon for HL og OLL 2024  
  • Rammeprogram - viktigste hendelser  
  • Organisering, inkludert ledere og unge trenere
  • Hvem kontaktes ved spørsmål
  • Informasjon og våre markedsføringskanaler - følg med, dette vil du ikke gå glipp av😊  

 

Q/A underveis

  

Vi håper mange benytter mulighet til å få tidlig informasjon om arrangementet og kan stille spørsmål.

 

Besøk gjerne nettsiden for arrangementet: https://fsk.no/hl2024