Rekordstor deltaking under KM-helg hos Markane IL og IL Veten?

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 19. Jun 2024

Så lenge eg har deltatt på KM løp i Sogn og Fjordane, kan eg ikkje huske så stort deltakartal som KM-helga Markane IL og IL Veten heldt 15 og 16 juni. 76 deltakarar på KM mellom arrangert av Markane IL og 100 deltakarar på KM lang arrangert av IL Veten. Derfor teksten "Rekordstor deltaking" i overskrifta med spørsmålsteikn bak. 

Kjekt å sjå at det var så mange i nybegynnar løypene. De gir eit håp om ny rekrutering i Nordfjord.

Det var og O-trolleir og ungdomssamling frå laurdag til søndag på Nordfjord Fritidssenter, der deltakarane fekk prøve seg på ulike leikar og o-teknisk trening. Nokre var til og med å aka i hoppbakken. Latter, skrik og skrål kunne høyrast lang veg, så at borna og ungdomen hadde det kjekt var det liten tvil om.

Stor applaus til alle frå Markane IL og IL Veten som har jobba på for løp, leir og samling.

Reportasje i Fjordingen om KM-helga finn de her: Markane-Veten avisutklipp.jpg

Resultat frå KM mellom finn de HER.

Resultat frå KM lang finn de HER.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.