KM Lang i Naustdal 22. september

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 27. Sep 2019

2019_KM_langdistanse-2-600.jpg2019_KM_langdistanse-3-600.jpg

Skrevet av Norges Orienteringsforbund

Haustbløyta i nydeleg vêr.

 

 

Ved Haustbløyta er det tradisjon for at alle får premie, noko som var tilfelle også denne gongen.

Her er dei fleste samla etter løpet, og premiane er godt synlege på brystet til løparane.

 

I første rekke frå venstre: Krinsmeister i klasse H19, Sindre Hoff (Førde IL), sølvmedaljevinnar i H19, Eigil Instebø (Tambarskjelvar IL), krinsmeister i D15-16, Anja Hole (Førde IL), krinsmeister i H17-18, Trygve Nummedal Os (Førde IL) og krinsmeister i H13-14, Håkon Grønli (Førde IL). Alle desse fekk medaljar i tillegg til den tradisjonelle «haustbløyta-premien».

 

Raskast i klasse H19 var Mark Purkis (nr 4 frå venstre i gruppa bak), men han spring for Nydalens SK og kan difor ikkje få tittelen krinsmeister i Sogn og Fjordane.

 

KM Lang vart arrangert av o-gruppa i Tambarskjelvar 22.09. Løpet gjekk i Helgåsmarka. Norvald Ospehaug var løypeleggjar. Med bakgrunn i tradisjonen vert løpet også kalla Haustbløyta, men denne gongen gjekk løpet i nydeleg vêr.

 

Resultat

 

(fortsetter under bildet)

2019_KM_langdistanse-2-600.jpg

Bronsemedaljevinnar i H19, Peter Joachim Gogstad (Førde IL).

(fortsetter under bildet)

 

2019_KM_langdistanse-3-600.jpg


 

Det var ikkje mange rekruttar frå Naustdal på løpet, men her er to flotte karar som deltok,

Arnt Ole M. Kolås og Kurt Inge M. Kolås.