SUNNFJORDORIENTERINGA: Det lengstlevande orientereingsløpet i Sogn og Fjordane.

Postet av Norges Orienteringsforbund den 23. Mai 2025

Første gong arrangert i 1963 – i år på nytt kart på Fluge i Jølster.


Over: Etter vel gjennomført.

Under: En av postene.


Arrangør hadde stor «glede» av å sjå gjennom Livelox. Mange hadde utfordringar med løypene under årets «Sunnfjordorienteringa». Det var god spredning på valg av trasé mellom postane. Enten er det god løypelegging, eller så er det «rustne» o- løparar. Sikkert begge deler.

Eventuelt så er nytt kart og terreng som å komme ut i verda, (les td Austlandet), langt frå Førde til Jølster.

 

Om deltakinga kan en seie at det er noe malurt i begeret. Ein kvar er seg sjølv nærmast. Sogndal IL stiller med ein løpar. (men han bur for tida på Moskog i arbeidssamanheng).

Frå Nordfjord stiller ingen. Både Sogndal og Nordfjord har lokale løp samme dag med +/- 50 deltakarar. Og det verkar som dette berre må aksepterast. 
 
 Ein kunne tenka seg at ein kunne samle seg om eit krinsløp. Siste 14 dagene har det vore «kniving» om merksemda på t.d. FB.

Alle vil ha god oppslutning i sitt arrangement. 
 
 Sunnfjordorienteringa klarte «berre» 59 deltakara, men lyt vel vere nøgd med det i eit mittvekeløp. Det kan sjå ut som ordet krinsløp skremmer nokon, sida vi ofte har fleire deltakara på nærløpa våre

 

Gode prestasjonar:

Kjekt å sjå at våre eigne løparar som trenar får det til i o- løypa, t.d. Gaute Osvoll, Ann Kristin Kusslid, Erlend Husevåg-Lobben og Sjur Skilbrei.

 

Von om ein «ny vår» i Jølster. Fleire Jølstringar deltok under opninga av det nye anlegget. Kan karta Gjesdalsdalen og Fluge bidra til eit oppsving i orientering i lag med golf og alpint.

 

Må også få nemne det gode samarbeidet med grunneigarane, dei var særs positive, stor takk for velvilje til parkering, start, arena og mål.

 

Snora er no klypt,( på det nye anlegget),det gjeld å bruke det!

 

Resultater

 

C-løype Sunnfjordorienteringa.pdf






Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.