Bli med på Hovedløp og O-landsleir

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 11. Jun 2022

Skrevet av Jakob Kalvig Skogan

Årets Hovedløp og O-landsleir for 14-16-åringar går i Sandnes 5.-10. august.

Årets store «happening» for o-ungdom i alderen 14-16 år er Hovedløpet og O-landsleiren (HL/OLL). Her treffast over 300 ungdom på alle nivå og frå heile landet til o-løp, leir, sosial omgang og mykje moro saman med jamnaldrande. Det er innkvartering på skule og krinsane organiserer felles reise, noko som gjer det heile inkluderande og bidrar til godt fellesskap. I Sogn og Fjordane samarbeidar vi med Hordaland O-krets om reise og lag på krinsstafetten, for å skape ein best mogleg tur for våre løparar.

Se innbydinga her

 

Hugs påmelding til løp og leir i Eventor innan 24. juni!
Det er tre påmeldingslenker som gjeld:
O-landsleir
Hovedløp langdistanse
Hovedløp sprint

Løparar som melder seg på bes også sende e-post til jakob.ks.93@gmail.com slik at krinsen kan organisere reise.

Meir informasjon:

Heimesida til arrangementet

Generell informasjon om Hovedløp og O-landsleir


Økonomisk støtteordning «Alle med i orientering»

Det er mogleg å søkje om gratisplass på HL og OLL til ungdom som på grunn av økonomi som barriere elles ikkje har moglegheit til å delta. Det er klubbane som søkjer og søknaden er anonym. Vi oppmodar klubbane om å informere om ordninga for å sikre at alle ungar som ønskjer for moglegheita til å delta. 

Sjå link under til infoskriv med meir info om ordninga, som også inkluderer støtte til utstyr og andre o-aktivitetar. Under finn du også søknadsskjema.

Kontaktperson i orienteringsforbundet for mer info om dette er: lonekarin.brochmann@orientering.no

Informasjon og skjema