Tre deltakarar frå Sogn og Fjordane på årets HL/OLL.

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 21. Aug 2024









Årets Hovedløp (HL) og O-landsleir (OLL) blei arrangert av Fredrikstad O-klubb 3. - 7. august. S&Fj stilte med tre deltakarar, Olina Svarstad Heggdal (D15) frå Markane IL, Gaute Osvoll (H15) og Sjur Skilbrei (H14) frå Førde IL. Anne Marie Svarstad stilte også i år som lagleiar. Grunna økning på 50% med deltakarar frå 2 i 2023 til 3 i 2024 vart S&Fj krinsen med størst auke, og fekk premie for dette.  Målet til neste år er å auke tilsvarande 😊. Veldig kjekt at ungdomane hadde lyst å delta på dette, og det brukar å friste til gjenntaking.

Anne Marie har skreve nokre ord om løpa og samlinga, samt tatt bilder.

Program

Laurdag 3.august: Hovudløpet langdistanse

Søndag 4.august: Hovudløpet, sprint

Måndag 5.august: Aktivitetsdag, TOC

Tysdag 6.august: Treningsdag og Mor-O-løpet

Onsdag 7.august: Krinsstafetten


Samarbeid

Sogn og Fjordane delte i år rom med Møre og Romsdal, Troms og Agder og det var eit godt og kjekt samarbeid oss fire krinsane mellom. Christer Jensen frå Emblem (Møre og Romsdal) hadde, som i fjor, førebudd seg godt til HL og delte sin kunnskap med oss andre. Det sette vi stor pris på. 

Det var berre Agder som hadde nok løparar til eit stafettlag. Sidan det var fire jenter og åtte gutar på rommet laga vi eit reint jentelag og to gutelag. Jentelaget som kledde seg ut som Hvaler på Hvaler fekk 2.plass i kostymekonkurransen!

 

O-landsleir:

Måndag:

Aktivitetsdag: Eit nytt aktivitetskonsept, TOC, vart testa ut. 

Tysdag:

Langtur, Moment-O, MorO-løpet og bading stod på programmet.

Resultat

Langdistanse: 

Sjur: 46 

Gaute: 55

Olina: 16 (premie)

 Sprint:

Sjur: 51

Gaute: 63

Olina: 21




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.