Flott løpshelg i Markane

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 13. Jun 2022

20220612_140326.jpg20220612_140339.jpg20220612_140656.jpg20220612_140746.jpg20220612_141027.jpg20220612_140948.jpg20220612_141129.jpg20220612_140609.jpg

Skrevet av Jakob Kalvig Skogan

I helga arrangerte Markane IL KM mellomdistanse og krinsløp langdistanse i utfordrande terreng frå skisenteret på Ullsheim. Nær 60 vel nøgde løparar deltok og kjempa om KM-medaljane.


Les også Fjordingen si omtale av KM-helga her: https://www.fjordingen.no/nyhende/i/8Q49oQ/vaatt-km-i-orientering (krev abonnement)


KM Mellom på laurdag baud på krevjande løyper i diffus skråli med mange små myrer og tidvis ujamn botn. Her var det dei som greidde å halde kartkontakt samstundes med eit stabilt løpssteg som stakk av med dei beste resultata. Følgjande krinsmeistrar vart kåra:

D13-14: Olina Svarstad Heggdal, Markane IL
H13-14: Jakob Ulvedal IL Veten
D17-18: Anja Hole, Førde IL
H -19: Jakob Kalvig Skogan, Sogndal IL
D40-: Gøril Fristad, Askvoll og Holmedal IL
H40-: Anders Eilertsen Grønli, Førde IL
D50-: Åshild Sætren Bøe, Markane IL
H50-: Anders Bergset, IL Veten
D60-: Grete Zachariassen, Markane IL
H60-: Norvald Ospehaug, IL Tambarskjelvar
H70-: Torodd Os, Førde IL
H80-: Sveinung Fristad, Askvoll og Holmedal IL

I tillegg var det god deltaking i både N- og B-åpen-klassane. Totalt var det 56 deltakarar.

Fulle resultat ligg her: Eventor
Livelox (GPS-spor) ligg her: Livelox

Etter løpet samla barn og ungdom seg i klubbhuset på Ullsheim for sosial samling med trening, grillmiddag og sosial samvær. Her var det god stemning til seint på kvelden.

20220612_140326.jpg 20220612_140339.jpg

 

Sundagen meldte regnet sin ankomst over Nordfjord, men deltakarane lot seg ikkje skremme og fullførte ein langdistanse i eit terreng som var litt opnare og mindre steinete enn dagen før. Løparane i dei lengste løypene fekk også bryne seg på dei øvre delane av kartet med ope fjellterreng.

Fulle resultat: Eventor
Livelox: Livelox

Vi takkar Markane IL for eit vel gjennomført arrangement og ønskjer velkommen til haust-KM i Sogndal 17.-18. september.

 

Bilde frå premieutdelinga på langdistansen

20220612_140656.jpg
Vinnarane i D- og H13-14

20220612_140746.jpg 20220612_141027.jpg
Vinnarane i D- og H-17

20220612_140948.jpg 20220612_141129.jpg
Vinnarar i veteranklassane

20220612_140609.jpg
Vinnarar i Open-klassane