Utøvarstipend og klubbstøtte frå idrettsfond

Postet av Sogn og Fjordane Orienteringskrets den 1. Apr 2022

Skrevet av Jakob Kalvig Skogan

Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane vil i 2022 dele ut idrettsstipend og støtte til tiltak for barn/ungdom og paraidrett. Søknadsfristen er 1. mai.

Det er særkrinsar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt unge utøvarar (16-19 år) som representerer idrettslag i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund, som kan søke på midlane.

Det er følgjande tre kategoriar ein kan søkje på:

  • Stipend til unge idrettsutøvarar 16-19 år
  • Støtteordning til barne- og ungdomsidrett
  • Støtteordning til paraidrett

Meir informasjon og søknadsskjema finn ein på https://www.idrettsfondsf.no/.

SFOK oppmodar alle av våre medlemmar og klubbar som er aktuelle for nokre av kategoriane å søkje. Har nokon spørsmål om søknaden kan ein ta kontakt direkte med stiftinga eller med styret i o-krinsen.